Svein Arne Orvik
– Biblioteket er ein viktig arena for dialog og samhandling mellom kommunen og innbyggarane. For meg er det viktig å vere tilgjengeleg for å lytte til innbyggarane sine tankar og spørsmål, seier ordføraren.
Ho vil bruke biblioteket som ein open og inkluderande møteplass der folk kan ta opp saker som opptar dei. Ho blir til stades på biblioteket frå klokka 14.00 til 16.30 den første måndagen i kvar månad.
– Folk kan ta opp akkurat det dei ønsker, enten det gjeld lokale utfordringar, forslag til forbetringar eller andre tema dei ønsker å diskutere, seier Storøy.
Velkomen til ein prat med ordføraren på Herøy folkebibliotek i Rådhusgata 12 i Fosnavåg!