Offentleg ettersyn av skatte- og fritakslister

Listene inneheld oversikt over skattepliktige eigedomar, med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), fastsett eigedomsskattetakst, skattesats og utrekna eigedomsskatt.

eit naust - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Med heimel i kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt på all fast eigedom i heile kommunen (sak 129/25), og i tråd med eigedomsskattelova § 15, vert eigedomsskattelistene for Herøy kommune lagde ut til offentleg ettersyn 20.02.2026. 

Skatte- og fritakslistene, med unntak av fritak etter eigedomsskattelova § 28, vil liggje ute til offentleg ettersyn i tre veker frå kunngjeringsdatoen, til og med fredag 13.03.2026. 

Listene inneheld oversikt over skattepliktige eigedomar, med opplysningar om adresse, matrikkelnummer (gards-, bruks- og festenummer), fastsett eigedomsskattetakst, skattesats og utrekna eigedomsskatt. Skattelistene er tilgjengelege for offentleg ettersyn på servicekontoret på rådhuset og på kommunen sine nettsider om eigedomsskatt.

Klage på kommunal takst skal vere skriftleg, og skal vere eigedomsskattekontoret i hende innan seks veker frå utlegging av skattelistene. Skjema for klage på eigedomsskattetakst. Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong. 

Klage på formuesgrunnlaget frå Skatteetaten skal rettast til Skatteetaten.