Opplev JuleMix 2023

Herøy kulturskule inviterer til adventskonserten JuleMix 2023. Konserten er 25. november klokka 13.30 og klokka 17.00 på Herøy kulturhus. Det er gratis inngang for alle.

 

JuleMix 2022 - gut som spelar saksofon. - Klikk for stort bileteFrå JuleMix 2022 Bertil Tødenes

– JuleMix er ein konsert med elevar som får undervisning i kulturskulen, og publikum vil få mange fine opplevingar med kjempeflinke og kanskje litt spente elevar, seier rektor Rune Paulsen.

Sidan dette blir kulturskulen sin første konsert i adventstida, vil det vere pynta scena slik at alle får ei koseleg stund i festsalen. 

– Ta deg ein tur og kjenn på gleda over at vi har ein eigen skule for kulturopplevingar i Herøy, avsluttar Paulsen.