Øv for å sikre din eigen beredskap

Den landsomfattande eigenberedskapsveka 2023 vert gjennomført frå 30. oktober til 5. november. Temaet i år er å øve.

Eksempel på lager du bør ha heime. - Klikk for stort bileteEksempel på lager du bør ha heime. DSB.no

Vi oppmodar alle innbyggarar til å øve og ta nødvendige grep for å styrke eigenberedskapen. 

På sikkerhverdag.no finn du fire enkle øvingar alle kan gjennomføre på mobilen. Der finn du også mange gode tips om korleis du kan dekke dei grunnleggande behova i ein krisesituasjon

Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ved store hendingar og kriser som rammer mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må myndigheitene prioritere hjelp til dei som treng det mest. 

Det betyr at mange må være førebudd på å klare seg sjølv nokre dagar om dei mister straum, telefon, internett og reint drikkevatn – eller det blir vanskar med å kome seg ut for å handle.

Ved å vere førebudd bidrar du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du en del av Noregs beredskap.

Ordføraren: – Ta praten 

Øving gjer meister. Det gjeld også for krisehandtering.

– Eg oppfordrar alle innbyggarane til å sjå på nettsida sikkerhverdag.no. Her er gode tips om korleis vi alle skal vere best mogleg førebudd om ei krise inntreff. Der finst også gode eksempel på kva vi treng heime som beredskapslager når noko skjer, seier ordførar Ann-Kathrin Storøy.

– Ta praten om kva som kan skje og korleis det skal handterast. Øving gjer oss bevisst, gir kunnskap og trening. Vi vil på den måten stå betre rusta til å kome oss gjennom små og store kriser, seier ordføraren.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) anbefaler at alle styrker eigenberedskapen sin. Eigenberedskapsveka blir arrangert av DSB i samarbeid med kommunane, statsforvaltarane og sivilforsvarsdistrikta over heile landet.