Frå venstre: Anne-Britt Kvalsvik, Britt Paulsen, Margareth Leinebø.
BUA Herøy
BUA Herøy har i år fått heile 30 000 kroner frå Sparebanken Møre til å kjøpe inn meir sommarutstyr. Pengane kom godt med.
– Vi har skaffa nye rulleskøyter, landhockeyutstyr, sparkesyklar til dei minste, bowlingutstyr, handballar, handballmål og utstyr til hesteskokasting. Og el-syklane har fått seg service. Vi seier tusen takk for gåva til Anne-Britt Kvalsvik og Margareth Leinebø frå Sparebanken Møre, fortel Britt Paulsen, dagleg leiar ved frivilligsentralen.
Sjekk alt vinter- og sommarutstyret du kan låne på BUA.
Det meste av sommarustyret er rydda vekk i vintertida, men ta kontakt med BUA om du likevel ønsker å låne sommarutstyr sjølv om kalenderen viser desember.