Rektorskifte på Bergsøy skule avdeling Blåhaugen

Frode Huru gir over rektorpinnen til Synnøve Kallekleiv. - Klikk for stort bileteFrode Huru gir over rektoransvaret til Synnøve Kalleklev. Thomas Sporsheim

Synnøve Kalleklev gler seg veldig til å gå i fotspora til Frode Huru. – Dei tilsette er kreative, omsorgsfulle og kunnskapsrike vegvisararar for borna, seier Kalleklev.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

– Eg ser veldig fram til å få leie laget på Blåhaugen som rektor. Dei siste åra har eg vore assisterande rektor på Stokksund skule, der eg og har vore tilsett som lærar sidan 2009. No blir det nye oppgåver som eg skal setje meg inn i, men sidan eg allereie har vore ein del av leiarteamet i Herøy, veit eg at alle er berre ein kjapp telefon unna om det skulle vere noko eg stussar i. Dette er ein stor grunn til at eg takka ja til jobben, seier den nye rektoren.

Kalleklev skal gjere sitt for at dei tilsette på Blåhaugen kan gjere det dei er best til.

– Blåhaugen sitt motto er «ein god plass å vere, ein god plass å lære», og dette er sjølvsagt noko vi arbeider med jamnleg, for å få til. Det er dei tilsette som er borna sine inspiratorar, forbilde, kreative, omsorgsfulle og kunnskapsrike vegvisararar, avsluttar Kalleklev.

– Imponert over farta

Frode Huru byrja som rektor i august 2020 og synest det er trist å forlate skulen no.

– Eg kjem til å sakne både elever, gode kolleger på Bergsøy skule, rektorkollegiet mitt og sektoren for kultur og oppvekst. Eg opplever å ha hatt eit fantastisk godt og fruktbart samarbeid på alle nivå, seier Huru, som ser tilbake på ei fin tid.

– Det har vore veldig lærerikt og spanande å jobbe kommunalt. Eg har storkost meg som rektor og er imponert over farta og trykket som prega kvardagen. Eg har opplevd ein gjeng med lærarar og assistentar som verkeleg står i ein tøff og travel kvardag og som genuint ønskjer å gi borna våre ein god start på utdanningsløpet sitt. Deira innsats set eg umåteleg stor pris på, fortset den tidlegare rektoren som no skal inn i konsulentselskapet Fremm.