Remøybrua blir stengd i inntil 18 timar

Møre og Romsdal fylkeskommune informerer om at Remøybrua vert stengd i inntil 18 timar på grunn av vedlikehaldsarbeid. Stenginga startar natt til søndag 14. desember klokka 03.00.

Skal du til eller frå Runde eller Remøya, må du vere merksam på at Remøybrua blir stengd i inntil 18 timar frå klokka 03.00 natt til søndag 14. desember. Stenginga kjem av at det skal gjerast støypearbeid på brua.

Naudetatane er orienterte og har ein plan for beredskap. Brua vil vere open for gåande, men berre etter avtale med trafikkdirigentar på staden.

Hald deg oppdatert på trafikkmeldingar på 175.no.