Saman om å finne tiltak som reduserer sjukefråværet

Satsinga HelseIArbeid er gjennomført i sektor for helse og omsorg, ved seksjon raud og i heimetenestene i ytre. 

Bilete av medlemmar av HMS grupper ved seksjon raud og heimetenestene ytre - Klikk for stort bileteUnni Driveklepp frå NAV Arbeidslivssenter og HMS-gruppa ved seksjon raud (t.v.) og HMS-gruppa ved heimetenestene i ytre (t.h.) Herøy kommune

Seksjonane fekk vere med på dette fordi dei har hatt ei utfordring med høgt sjukefråvær over tid. Målet for prosjektet har vore å redusere sjukefråværet.

HelseIArbeid prosjektet er ein prosess som inkluderer alle tilsette og som blir gjennomført i tre modular. Tema har vore

  • psykisk helse og arbeid
  • muskel- og skjelettplager og arbeid
  • smertemeistring og arbeidsmiljø

Bidrag frå tilsette

Einingane starta med modul 1 i juni 2022 og avslutta med modul 3 i januar 2023, så dette arbeidet har gått føre seg over tid.

Gjennom gruppearbeid på samlingane har dei tilsette bidrege med innspel til tiltak som dei meiner må til for å skape positiv utvikling på arbeidsplassen.

Eit av hovudspørsmåla i satsinga er «kva må til for at du skal gå på arbeid med helseutfordringar?»

Spørsmålet har skapt gode diskusjonar knytt til den interne dynamikken og kulturen i seksjonane. Handlingsplanane dei har sette opp til slutt viser kva område dei tilsette vil jobbe med i tida framover.

Jobba tett saman

HMS-gruppene har hatt ei sentral rolle i etterarbeidet etter samlingane, og dei har gjort ein svært god jobb. Dei har jobba tett saman om å prioritere kva tiltak som vil gje best uttelling for å styrke arbeidsmiljøet og redusere sjukefråværet.

Bidragsytarar på samlingane har vore spesialfysioterapeut Liv Schrøder frå helseforetaket og IA-rådgjevarane Therese Hessen og Unni Driveklepp.