Her er nokre foto frå dagen:
Dei tilsette sine ord om dagen:
Fellesdag for dei tilsette på Herøy ungdomsskule
Stokksund og YHU møttest i flokk,
no blir vi eitt, og litt av ein tropp!
Vi delte ein fellesdag for dei tilsette,
for å gripe fatt i det vi har i vente.
Vi bygde relasjonar med leik og med fag,
i grupper og seksjonar, vi fann vårt lag.
Med omvising, møter og informasjon,
vart vi tryggare på vår nye situasjon.
Vi jobba saman med godt mot
med ynskje om å kunne slå rot.
To skal bli til ein og fint skal det gå.
Det beste frå begge skular må vi få!
Vi ser mot ein haust der vi jobbar i takt,
med styrka fellesskap – to skular i ny drakt.
Herøy ungdomsskule, ja det skal vi bli
og no skal vi saman trakke ein ny sti.