Samlokaliserer legesenter i sommar
Fosnavåg Helsehus held til ved Herøy legesenter i tida 7. juli–18. august. Myrvåg legesenter held til ved Herøy legesenter i tida 14.–27. juli.
Her på Eggesbønes ligg Herøy legesenter.
Svein Arne Orvik
Telefonnummera vert overførte i desse periodane. Så berre ring det telefonnummeret du er van med når du skal kontakte legesenteret ditt.
Herøy legesenter finn du på Eggesbønes, i Eggesbøvegen 11.
Legesentera blir samlokaliserte delar av sommaren for å
- avvikle ferie på ein så smidig måte som mogleg
- sikre at det er erfarent og lokalkjent personell på arbeid som kjenner pasientane frå heile kommunen
Publisert 19.06.2025 09:02
Sist endra 19.06.2025 09:34