Martin Hauge-Nilsen
Formannskapet vedtok 20. november at kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett og økonomiplan skal leggast ut til offentleg ettersyn.
Her finn du budsjettframlegget.
Sende innspel
I perioden frå 21. november til 4. desember kan alle sende innspel til saka. Fristen for å kome med innspel er altså 4. desember.
Bruk dette skjemaet for å sende innspel. Skriv 2024 i feltet «årstal» og 1657 i feltet «mappenummer».
Du kan også sende innspel til postmottak@heroy.kommune.no eller i brev til Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg.
Kommunestyret skal vedta budsjettet og økonomiplanen den 12. desember.