Ser fram til topp moderne storkjøkken

Heile 300 varme måltid dagleg skal det nye storkjøkkenet kunne lage. No er kontrakten signert. Om eit år skal kjøkkenet stå klart.

to personar helser på kvarandre og ser på dokument - Klikk for stort bileteOrdførar Tine Storøy fekk måndag presentert byggeplanane av distriktssjef Steffen Thorseth Løkling i PEAB K. Nordang. Svein Arne Orvik

Storkjøkkenet blir eit heilt nytt bygg på nordsida av Herøy omsorgssenter. Kjøkkenbygget blir kopla til omsorgssenteret med ein mellomgang.

Entreprenørselskapet PEAB K. Nordang skal bygge storkjøkkenet. Selskapet har det meste av aktiviteten sin på Sunnmøre – og 40 tilsette på søre Sunnmøre. Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik har teikna bygget.

– Viktig og framtidsretta

Det var i mars 2022 at kommunestyret vedtok å bygge storkjøkkenet.

– Dette er eit viktig og framtidsretta prosjekt. Vi ser fram til at storkjøkkenet kan takast i bruk. Den økonomiske ramma på vel 30 millionar kroner er endeleg, påpeikar ordførar Tine Storøy.

Ordføraren og Steffen Thorseth Løkling, distriktssjef i PEAB K. Nordang, har no skrive under kontrakten om å bygge kjøkkenet.

Dei siste løyva kjem på plass dei komande vekene. I månadsskiftet mai/juni byrjar entreprenøren å bygge. Om eit års tid skal kjøkkenet takast i bruk.

Slik vil det nye bygget sjå ut på området. Illustrasjon av Sporstøl Arkitekter / PEAB K. Nordang

Ei rekke institusjonar og omsorgsbustadar vil få levert mat frå storkjøkkenet. Det skal også kunne yte tenester for andre i kommunen. 

Byggeprosjektet er ein såkalla totalentreprise. Det betyr at PEAB K. Nordang som totalentreprenør skal prosjektere og levere eit heilt ferdig bygg. I bygget kjem det storkjøkken, garderobar og kontor – inkludert storkjøkkenutstyr.

Godt med parkeringsplassar

Det nye kjøkkenet blir reist der det er parkeringsplassar i dag. Men det vil vere rikeleg med parkeringsplassar i området – både i byggetida og etterpå.

Tredimensjonal teikning av kva bygget skal innehalde - Klikk for stort bileteTeikninga viser kva bygget skal innehalde og korleis det skal innreiiast. Illustrasjon av Storkjøkkenutvikling AS