Sigmund Nymark er vinnaren av Frivilligprisen i Herøy

– Ein svært verdig vinnar, seier ordførar Tine Storøy om Sigmund Nymark, som fekk Frivilligprisen for 2023 på årsmøtet til LHL Søre Møre tysdag.

frå utdelinga av Frivilligprisen 2023 - Klikk for stort bilete– Mange herøyværingar har mykje å takke Sigmund Nymark for, heiter det i grunngivinga for Frivilligprisen. Frå venstre: Sigurd Nygard frå juryen, Fred Hansen frå Granne forsikring, prisvinnar Sigmund Nymark, ordførar Tine Storøy, Britt Paulsen frå juryen. Svein Arne Orvik

Ordføraren og dagleg leiar Britt Paulsen ved frivilligsentralen kom på overraskande besøk til møtet i laget der Nymark er leiar. Prisvinnaren fekk overrekt ein plakett, blomar og ei pengegåve på 5000 kroner frå ordføraren. Granne forsikring har bidratt med pengane.

– Mykje å takke han for

– Sigmund Nymark har i heile sitt vaksne liv drive frivillig arbeid i Herøy og på søre Sunnmøre. Mange herøyværingar har mykje å takke han for. Nymark har vigd svært mykje av livet sitt til frivillig arbeid, til glede og gagn for lokalsamfunnet, sa ordføraren på vegner av juryen.

Fleire hadde nominert nettopp Nymark til Frivilligprisen for 2023. I grunngivinga viser juryen til den store innsatsen Nymark har lagt ned på ulike område. I juryen sit Karl Anders Brendmo (frå Herøy kyrkje), Solfrid Hagemann (frå pensjonistlag), Sigurd Nygard (folkevald), Magne Nærø (frivilligrepresentant), og Britt Paulsen (frå frivilligsentralen).

Dette er noko av det juryen trekker fram:

  • I LHL har Nymark mellom anna vore sekretær, nestleiar og leiar i det aktive lokallaget, fylkesstyremedlem, ansvarleg for hjartetrim og ein svært ivrig og uthaldande loddseljar.
  • I idretten starta han som aktivitetsleiar/trenar for gutar frå Leine og Frøystad.
  • Som røyrleggar hos Gerhard Voldnes vart han ei drivandekraft for bedriftsidrettslaget GeVO. Og han vart formann i Vestre Sunnmøre bedriftsidrettslag.
  • I fotballgruppa i Bergsøy IL hadde Nymark mange oppgåver: leiar av arrangementskomiteen, kretsdommar, formann i fotballgruppa, formann i yngres avdeling, bingosjef, oppmann for A-laget, trenar for jentelaget.
  • I Bergsøy blandakor har han vore sekretær.
frå utdelinga av Frivilligprisen 2023 - Klikk for stort biletePrisvinnar Sigmund Nymark Svein Arne Orvik

Tidlegare vinnarar 

Desse har fått Frivilligprisen i Herøy tidlegare:

2022 – Kaja Runde

2021 – Stig Vestnes

2020 – Marit Lyster

2019 – Leif Tjervåg

2018 – «Klede til glede»

2017 – Jan Olaf Hareide

2016 – Alette Teige

2015 – Heida Vel

2014 – Saroya og Jeyakumar

2013 – Alf-Rune Leirvik

2012 – Martin Slåttelid

2011 – Steinar Åheim