Skal sikre klart språk i fakturaene frå kommunen

Det skal vere lett å forstå alt som står i ein faktura frå Herøy kommune. Det er målet med eit nytt prosjekt.

gruppebilde av deltakarar i prosjektet - Klikk for stort bileteDei vil gjere 20 000 fakturaer lette å forstå. Frå venstre: kommunikasjonssjef Svein Arne Orvik, fagleiar Brit-Synnøve Torvik, kommunalsjef Gro-Anette Frøystad Voldsund, økonomikonsulent Merethe Grunnan, avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn. Monica Torvik Stokset
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Over 20 000 fakturaer blir sende ut frå kommunen kvart år.

– Ingen skal måtte klø seg i hovudet når dei får ein faktura frå oss. Uklart språk er ein tidstjuv for alle partar. Innbyggarane har ein lovfesta rett til å forstå, seier Svein Arne Orvik, kommunikasjonssjef.

Klarspråkforumet i kommunen har no starta eit prosjekt som skal sikre at alle fakturaene er skrivne i klarspråk.

Fakturaene frå helse- og omsorgssektoren vil bli endra først.

– Ein del innbyggarar ringer oss og spør korleis dei skal forstå ein faktura dei har fått. Det viser at vi treng å jobbe med språket, seier Gro-Anette Frøystad Voldsund, kommunalsjef for helse og omsorg.

Spare tid og pengar

Voldsund er med i klarspråkforumet, som blir koordinert av kommunikasjonsavdelinga. Forumet samarbeider tett med økonomiavdelinga om fakturaprosjektet.

– Det som står i fakturaene blir henta frå ulike system. Vi må sjå til at innhaldet heng godt saman, slik at fakturaene ikkje er til å misforstå, seier Merethe Grunnan, økonomikonsulent.

Prosjektet er inspirert av ei nasjonal undersøking som viser at det er svært lønsamt for kommunane å bruke ressursar på å skrive klart – blant anna i fakturaer. 

Kommunane kan vente ei avkasting på 30 til 300 prosent når dei investerer i klarspråksarbeid, ifølge undersøkinga frå Menon Economics.

– Med klart språk vil vi unngå at mottakarane må bruke tid på å ringe. Då unngår vi også at våre tilsette må sitte i telefonen og forklare det fakturaen skulle forklart, seier Orvik.

Klart språk som grunnstein

Dette er noko av det kommunen legg vekt på i arbeidet med å sikre klarspråk i fakturaene:

  • Informasjonen mottakaren treng, må vere med i fakturaen.
  • Systeminformasjon eller ord mottakaren neppe vil forstå, skal ut.
  • Overskriftene skal seie klart kva saka gjeld.
  • Tala skal skrivast i eit format alle kan forstå.

Ifølge Språkrådet er ein tekst skriven i klarspråk dersom mottakarane finn informasjonen dei treng, forstår teksten og kan bruke han.

«Kommunikasjon og klart språk er viktige grunnsteinar når vi bygger fellesskap og lokalsamfunn», heiter det i den felles språkprofilen til kommunane på søre Sunnmøre (PDF, 2 MB).