– Skulder ved skulder med det ukrainske folket

Barn held plakatar der det står "365 dager med krig", "460 barn har mistet livet", "936 barn ble skadet", "16 000 barn deportert til Russland", "Over 11 500 sivile skadet". - Klikk for stort bileteMarkeringa var open for alle og vart halden på dagen eitt år etter at Russland invaderte Ukraina. Bjarne Kvalsvik

– Det er vår plikt og vårt ansvar å hjelpe, sa fungerande ordførar Bjarne Kvalsvik på solidaritetsmarkeringa for Ukraina fredag.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Markeringa gjekk føre seg i Herøy kyrkje, i regi av den ukrainske foreininga i Noreg og lokal initiativtakar Iryna Jensen.

Eit langt, vondt og smertefullt år har gått sidan Russland invaderte Ukraina. Vi må aldri tole eller akseptere ein slik invasjon av eit sjølvstendig land. Det er vår plikt å stå skulder ved skulder med det ukrainske folket, som blir krenkt så brutalt, sa Bjarne Kvalsvik på vegner av kommunen i talen sin.

Skal fortsette å ta imot

Kvalsvik viste til at byar og regionar er lagde i grus i Ukraina.

Dei sivile tapa er enorme. Millionar av menneske er drivne på flukt. Familiar og folk har blitt splitta. Herøy har teke imot og busett om lag hundre ukrainske flyktningar. Vi skal fortsette å ta imot. Vi er nøydde til å hjelpe folk som er i naud, sa den fungerande ordføraren.

Gi varme og omsorg

Kvalsvik bad alle innbyggarar slå ring om flyktningane som har kome – og kjem til å kome – til Herøy.

La oss gi dei varme og omsorg. Ta godt vare på dei, oppmoda Kvalsvik.

Eg vil takke folket i Herøy for all hjelp til Ukraina. Bedrifter, reiarlag, skular, ja heile folket. Kommunen sende ein av våre brannbilar. Vi veit han er komen fram og har kome til nytte, slo Kvalsvik fast.

Samla om film 

Også på Fosnavåg kino var det arrangement på fredag.

Iryna Jensen og Petter Ole Kopperstad i kinosalen - Klikk for stort bileteViste film med ukrainsk tale og norsk tekst: Iryna Jensen og Petter Ole Kopperstad. Maria Bakkevoll

– Vi fekk vite at filmen Gulliver kom også med ein versjon med ukrainsk tale og norsk undertekst. Då eg oppdaga at eittårsmarkeringa kom på fredagen i vinterferien, tok eg kontakt med Iryna Jensen og med kvalifiseringssenteret. Dermed fekk vi til å tilby ein ettermiddag med kino før markeringa i Herøy kyrkje, fortel kinosjef Petter Ole Kopperstad.