Søk SFO-plass i tide

15. april er fristen for å søke plass i skulefritidsordninga (SFO). Om du allereie har plass til barnet ditt, skal du ikkje søke på nytt.

barn på ein leikeplass - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Søknadsfristen 15. april gjeld skuleåret 2024-2025.

Om du skal seie opp eller endre ein SFO-plass, er det 31. mai som er fristen.

Logg inn i tenesta Vigilo for å søke, seie opp eller endre ein SFO-plass.

Har du ikkje brukt Vigilo før? Sjå korleis du kjem i gang med Vigilo. 

Les meir om SFO-tilbodet vårt her.