Sparar årsverk etter budsjettvedtak i kommunestyret

– Ingen vil bli oppsagde som følge av innsparingane. Og vi skal yte dei lovpålagde tenestene, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Dronebilde frå Herøy - Klikk for stort bilete Martin Hauge-Nilsen

I budsjettet for 2024 har kommunestyret vedtatt at kommunen skal spare lønsmidlar som svarar til 12 årsverk. Leiinga i administrasjonen har no avgjort kva som må til for å gjennomføre vedtaket om bemanningskutt.

– Vi skal nedbemanne utan at nokon mistar jobben. Vi skal greie å redusere talet på årsverk ved naturleg avgang, ved å late nokre stillingar stå ubemanna og ved å omprioritere innanfor enkelte av tenestene, seier kommunedirektøren.

Kultur og oppvekst

Fire årsverk skal sparast inn. Denne sektoren har 230 årsverk.

Eitt tiltak blir å ikkje sette inn vikarar og å redusere stillingsprosentar. I tillegg blir det færre stillingar i skule og barnehage frå august, og opningstidene ved kulturhuset blir korta inn.

Helse og omsorg

Seks årsverk skal sparast inn. Denne sektoren har 360 årsverk.

Kommunen står i dag utan kommuneoverlege og kommunepsykolog for barn og unge. Lønsmidlane blir dermed sparte inn. Dersom vi får søkjarar til stillingane, må vi vurdere saka på nytt, for dette er viktige stillingar for det førebyggande arbeidet i kommunen.

Tradisjonelt har Herøy vore ein såkalla institusjonstung kommune. Det betyr at vi har brukt meir på institusjonane og mindre på det førebyggande arbeidet og heimetenestene samanlikna med andre kommunar. Men dei nasjonale føringane legg stadig sterkare vekt på at vi skal prioritere dei førebyggande tenestene og heimetenestene. For parallelt med eldrebølga kjem mangelen på arbeidskraft. Skal vi ha nok helsepersonell til å hjelpe dei som treng det i framtida, kan vi ikkje kutte i førebyggande tenester. Det same gjeld tenester som legg til rette for at innbyggarane skal kunne bu heime lengst mogleg.

Tal viser elles at pasientane på sjukeheim i Herøy er friskare enn gjennomsnittet i landet. Dette er bakteppet for at helse og omsorg sitt innsparingstiltak er å legge ned fem sjukeheimplassar. Vi har valt å legge ned fem rom på seksjon grøn ved Herøy omsorgssenter, slik at fem færre bebuarar må dele bad. Endringa vil skje gradvis, etter kvart som vi greier å frigjere rom.

Ingen tilsette vil miste jobben når dei fem sjukeheimsplassane blir lagde ned, for vi har ledige stillingar i andre seksjonar innanfor pleie og omsorg.

Det er ikkje mogleg å kutte i bemanninga i helse og omsorg utan at det får konsekvensar for tenestetilbodet. Vi har hatt stort trykk på sjukeheimsplassar siste åra. Til tider har vi betalt bot fordi vi ikkje har greidd å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehuset. Framover vi måtte legge enda meir vekt på å hjelpe innbyggarane i eigen bustad, framfor opphald i institusjon.

Samfunnsutvikling og verksemdstyring

To årsverk skal sparast inn. Sektoren for samfunnsutvikling har 60 årsverk og sektoren for verksemdstyring har 24 årsverk.

Reinhaldsseksjonen blir redusert med cirka eit halv årsverk. Ei nyoppretta stilling innan byggdrift blir ståande ubemanna. Det same gjeld ei stilling som økonom.