Spennande klimaprosjekt ved Bergsøy skule

Elevane i 6. klasse ved Bergsøy skule har jobba med eit spennande klimaprosjekt i fleire veker. Denne veka har dei presentert arbeidet sitt for medelevane sine.

Framvising elevarbeid - Klikk for stort bileteFramvising elevarbeid Inger Moltumyr

Elevane har ulike problemstillingar i dei ulike gruppene, og elevane har undervist medelevane i sine tema.

Hovudfokuset har vore den auka temperaturen på jorda som stig i rekordfart. Dei har fått innblikk i kva som må endrast for at vi ikkje skal øydelegge jorda som elevane og framtidige generasjonar skal arve.

Dei har mellom anna sett på reisevanane til folk og utsleppa det fører med seg. Handel på nett har og vore belyst, med særskilt fokus på Temu og andre billegkjeder, kontra det å handle i nærbutikkane. Kvar endar søppelhaugane etter denne store kjøpefesten?

Det har vore mange spennande og høgaktuelle tema, og etter presentasjonane vart det is som premie til alle. Godt jobba av flinke elevar.