Stor pengegåve frå Sparebankstiftinga går til julegåver og julemat

Herøy får 275 000 kroner til prosjektet «Ei god jul på søre Sunnmøre».

ei gruppe menneske på eit bibliotek - Klikk for stort bilete Frivillig Møre og Romsdal

Også i år har Sparebankstiftinga gjeve ei stor pengegåve til frivilligsentralane på søre Sunnmøre på 1,5 millionar kroner.

Under ei samling i regi av nettverket «Frivillig Møre og Romsdal» var Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre invitert til å dele ut prosjektstøtta som det vart søkt om i ein felles søknad frå frivilligsentralane i 7-stjerna.

Sparebankstiftinga har fordelt summen etter innbyggjartal, og Herøy får 275 000 kroner, medan Sande får 125 000 kroner. Dette gjer at mange kan få ei litt betre jul i år også.

– Visjonen til stiftinga er «Saman skaper vi engasjerte lokalsamfunn» og det er veldig kjekt å kunne være med å bidra til dette gode formålet, seier styreformann Arild Hatløy i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

– Prosjektet «Ei god jul på søre Sunnmøre» er eit viktig og flott tiltak som frivilligsentralane står for. De gjer ei forskjell og de legg ned mykje godt arbeid som bidreg til ei betre julefeiring for dei som treng det. De er ein viktig ressurs i lokalsamfunnet og kjekt å samarbeide med dykk, seier Arne Lothe, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

I Herøy er det «Klede til glede» som i samarbeid med sanitetsforeininga, kyrkja, frivillige og frivilligsentralen, organiserer utdelinga. Juleglede 2024 vil -tradisjonen tru samle inn og deler ut gåver og mat til jul laurdag 14. desember, til glede for folk i nærområdet.

Ta kontakt med diakon Ragnhild Danbolt Øygard på telefon 41860784 om du ønsker å benytte deg av tilbodet, eller om du kjenner nokon som kan trenge litt ekstra juleglede! Alt blir behandla konfidensielt. Fristen for påmelding er måndag 2. desember.

Dette er ei hjartevarmande gåve som vi håpar vil spreie mykje glede og lys i juletida. Både Britt og Ann-Kristin frå Herøy og Sande er svært takksame for denne pengegåva, som gjer det mogleg å glede mange. Vi håpar folk tek kontakt om dei lurar på noko, og at dei som kjenner dei kan trenge ei matkasse til jul sender ei melding eller ringe.