Styrer aktiviteten i kulturhuset og Herøyhallen

Lurer du på noko som gjeld Herøy kulturhus eller idrettshallen vegg i vegg? Då er det Tore Langvatn du skal kontakte.

Portrett av Tore Langvatn - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Som tilsynskoordinator tar Langvatn imot alt av spørsmål om desse storstovene.

– Enten du representerer eit idrettslag, ei foreining, ein skule eller ein annan aktør, er det berre å ringe meg, seier Langvatn, som har lang erfaring frå kommunen.

Nytt bookingsystem kjem

Han fortel at det er svært stor aktivitet i lokala store delar av døgnet.

– Skulane brukar bygget på dagtid, og på ettermiddagane og kveldane er her mange ulike fritidsaktivitetar for folk i alle aldrar. Her er sjeldan tomt før klokka nærmar seg halv elleve på kvelden, fortel tilsynskoordinatoren.

Langvatn opplyser at kommunen jobbar med å få på plass eit nytt bookingsystem.

– Der vil alle kunne legge inn ønske om å få nytte kulturhuset eller Herøyhallen, fortel han. 

Tilsynsvakter på kveldstid

Inntil vidare er det telefon eller e-post som gjeld.

På dagtid kan du ringe Langvatn direkte. På kveldstid er der eit eige nummer som går til den som har tilsynsvakt. Du kan også sende e-post.

Telefonnummera og e-postadressene finn du på nettstaden til kulturhuset