Teiknar avtale mellom kommunen og idrettsrådet

For første gongen har vi og idrettsrådet teikna ein eigen samarbeidsavtale.

Bjarte Øygard og Bjørn Prytz helser på kvarandre og viser avtalen. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Bjarte Øygard i idrettsrådet og ordførar Bjørn Prytz. Svein Arne Orvik

Avtalen vart skriven under onsdag av ordførar Bjørn Prytz og leiar Bjarte Øygard i Herøy idrettsråd.

I avtalen heiter det mellom anna at alle saker som er av felles interesse for idretten, skal formidlast til kommunen gjennom idrettsrådet.

Det står også at kommunedirektøren har ansvar for å hente inn uttale frå idrettsrådet i saker som vedkjem idretten. 

Måla med samarbeidsavtalen er å

  • fremje felles mål om idrett, fysisk aktivitet og folkehelse for alle i kommunen
  • sikre god samordning og kommunikasjon mellom kommunen og idretten
  • klargjere viktige prinsipp og gjensidige krav og forventningar til samarbeidet
  • sikre god ressursutnytting av offentlege midlar til idrettsanlegg og aktivitet