Adobe Stock
Herøy kommunestyre har vedteke å innføre eigedomsskatt frå 2025. I kommunestyremøtet 27. februar 2025 blei det mellom anna vedteke at «synfaring og taksering vert utført av eit profesjonelt takseringsselskap».
Tildelinga er ein viktig milepåle i arbeidet med å sikre ei rettferdig og grundig taksering av eigedomar som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteeateten. Herøy kommune ser fram til samarbeidet med Verditaksering Kjell Larsen AS.
I løpet av våren
Eigedomsskatten vil gjelde bustadeigedomar, fritidsbustadar, garasjar, naust, løer og liknande og jordeigedomar. I tillegg vert det innført eigedomsskatt på næringseigedomar.
Eigedomane skal takserast i løpet av våren 2025. Kommunen har frist til utgangen av juni for å sende ut skattesetelen og publisere eigedomsskattelistene til offentleg ettersyn.
For å auke effektiviteten i takseringsarbeidet utan at det går utover kvaliteten, har kommunen engasjert ein ekstern leverandør til å hjelpe med synfaring og utarbeiding av takstforslag.
Det er den sakkunnige nemnda som til slutt vedtek eller justerer takstforslaga som leverandøren legg fram.
Sender brev til eigaren før synfaring
I alt kom det inn fire tilbod på anbodskonkurransen som var lyst ut. Etter ein grundig evalueringsprosess har kommunen no tildelt kontrakten til Verditaksering Kjell Larsen AS. Leverandøren skal synfare og taksere bustad-, fritids- og næringseigedomar, i tråd med gjeldande regelverk.
Leverandøren sender ut brev i forkant av synfaring av eigedommane. Leverandøren vil også utarbeide eit første utkast til takseringsretningslinjer som skal legge føringane for verdsettinga av eigedomane som skal takserast ute i felt.
Den alminnelege taksten vil stå i ti år.
Les meir om eigedomsskatten.