Trygg skuleveg i tider med mykje tungtrafikk

Tysdag 18. april hadde elevane på Bergsøy skule avd. 5-7 besøk av HMS-rådgjevar Anne Grete Sætre og  prosjektleiar Ragnhild Holen i fylkesvegavdelinga i fylkeskommunen.

Elevane står rundt den store bilen - Klikk for stort bileteBesøk av stor lastebil for å sjekke blindsona. Bergsøy skule
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Besøket handla om trafikktryggleik i samband med bygginga av ny Nerlandsøybru. Dei snakka med elevane om den store gjennomgangstrafikken vi opplever i nærområdet. Dei hadde ekstra fokus på blindsonene sjåførane av dei store bilane skal handtere.

Vi fekk også besøk av ein kjempestor bil. Den vert nytta i arbeidet med å frakte stein ved bygginga av brua. Då fekk elevane prøve "blindsone-utsikta" i praksis. Det var svært nyttig og lærerikt.

Vi vil ha ein trygg skuleveg og eit trygt nærområde for alle som ferdast. Hugs difor at sjåførane av dei store bilane ikkje ser det same som vi ser. Hald avstand og vis varsemd i trafikken.