UFO: Tilbod til fleire og ny leiar

Også sjetteklassingane er no velkomne på ungdomsfritidsordninga UFO. – Her skal det vere godt å vere, seier leiar Ole Andreas Skår.

Leiarar i ungdomsfritidsordninga - Klikk for stort bileteKaroline Velsvik Sivertsen går ut i permisjon og blir avløyst av Ole Andreas Skår. Svein Arne Orvik

UFO er no for alle frå sjette til tiande klasse. Tilbodet er ope måndag til fredag klokka 13–16 og held til i kjellaren på Herøy kulturhus. 

– Eg vil at UFO skal vere dagens høgdepunkt, ein plass der ungdommane blir sette og der det er godt å vere, seier Skår. 

Han er vikar for Karoline Velsvik Sivertsen, som skal ha fødselspermisjon. Skår kjenner UFO godt frå før, både frå då han sjølv var ungdom og som tidlegare tilsett. 

På UFO kan ungdommane spele, gjere lekser eller prate i lag. 

– Eg trur det å sitte og prate saman er veldig undervurdert. Det verkar som færre og færre gjer akkurat det. Det skal liksom skje noko heile tida. Då eg var 13 år, møtte eg andre her og berre satt og prata. Vi vil hjelpe til med å få praten inn igjen i kvardagen, seier Skår.