Utkast til eldreplan: Kom med innspela dine

Korleis sikrar vi at eldre får eit godt og trygt liv i Herøy? Fortel kva du meiner må til for at eldre skal bli sette, høyrde og respekterte.

Ei arbeidsgruppe har laga eit utkast til eldreplanen for Herøy. 

No er planen ute til høyring. Det betyr at alle no kan seie meininga si om utkastet. Etter høyringa blir planen handsama i dei politiske organa. Til slutt skal kommunestyret vedta planen.

Er det noko du saknar i utkastet til eldreplanen? Er det noko du meiner bør bli omtalt på ein annan måte i planen? 

Då bør du melde ifrå no. Fristen for å gi tilbakemelding er 14. april.

Fire hovudmål

Kommunen skal bruke eldreplanen som eit styringsverktøy – slik at eldre kan ha eit godt og trygt liv i Herøy. Planen har fire hovudmål:

  • å styrke helsefremmande og førebyggande arbeid for eldre
  • å legge til rette for at eldre kan bu heime så lenge som mogleg
  • å tilby gode og tilpassa omsorgstenester til eldre som treng det
  • å fremme sosial deltaking og aktivitet for eldre

Planen inneheld tiltak som skal gjennomførast for å nå desse måla.

Slik seier du meininga di om utkastet

Du kan sende innspela dine i dette digitale skjemaet. Merk innsendinga med mappenummeret 23/1190.

Du kan også sende innspel i posten. Adressa er: Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg. Merk også det du sender i posten med mappenummeret 23/1190.

Les utkastet til eldreplanen her. (PDF, 2 MB)