Velkomen til møte om ungdom og rus

Tysdag 20. mai inviterer kommunen og Norsk Narkotikaforebyggende Forening til møte om ungdom og rus.

utvendig bilde av Herøyhallen og Herøy kulturhus - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Tid: tysdag 20. mai klokka 18.30-21.00

Stad: Herøy kulturhus

Ordførar Tine Storøy ønsker velkomen. Føremålet med møtet er å formidle faktainformasjon til vaksne som er i dagleg kontakt med barn og unge, slik at dei vaksne betre kan bidra til at dei unge får eit korrekt bilde av situasjonen og bidra til gode oppvekstvilkår.

På møtet vil det blant anna bli orientert om den lokale situasjonen frå politiet, om situasjonen generelt, om lovgiving og om narkotikakunnskap. Det vil handle om korleis vi kan førebygge saman og det blir eit føredrag av ein pårørande til eit overdosedødsfall.