Velkomen til Pårørandeskule hausten 2025
Pårørandeskulen startar tysdag 09.09.25 og har totalt fire samlingar. Dei andre datoane er 23.09, 07.10 og 21.10. For alle dagane er tida: 18:00-21:00.
Janne Smoge Sævik i front. Bak frå venstre Maren Bøe, Kamilla Dragsund Vike, Maria Lewell, Monika Sande, Else Marie Høydal, Eva Merete Kvalsvik og Sonja Sande Bendal
Janne Smoge Sævik
Aina Sporstol Husøy og Anett Vågeskar var ikkje tilstades når bildet vart tatt.
Påmelding
Det er viktig at du melder deg på. Påmeldingsfristen er 03.09.2025. Du melder deg på ved å sende e-post eller SMS til Janne Smoge Sævik.
Målsetting
Målsettinga med pårørandeskulen er:
- å gi pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar
- å gi grunnlag for at pårørande betre kan takle sin situasjon
- å betre kvaliteten på samværet med den sjuke, i heimesituasjonen og på institusjon
- bidra til at pårørande får kjennskap til kva rettar dei har og korleis ein får kontakt med hjelpeapparatet
Planlegging og program
Planlegging av denne pårørandeskulen starta allereie i vår. Programmet og datoane finn du i denne brosjyren (PDF, 200 kB) eller i annonse i lokalavisa den 26.09 og den 29.09.
Publisert 29.08.2025 12:01
Sist endra 29.08.2025 13:19