Wenche Moltu
Korleis stemme
Om du vil vere med å stemme fram Herøy kommune som «Årets maritime kommune» er det viktig at du leverer din stemme.
Du kan stemme her
Når Herøy no deltek i landsfinalen er det to ting som gjeld:
- Stemmer frå publikum
- Fagleg del med vurdering av ein jury
Du kan påverke kor mange publikumsstemmer som vert gitt og her kan du stemme fleire gongar.
Kåringa av «Årets maritime kommune» skjer på Arendalskonferansen 12. august.
Gratulerer som best i region nordvest
Tysdag fekk ordføraren overrekt det synlege beviset for at Herøy kommune vann på nordvestlandet av Britt Giske Andersen i Maritimt Forum. I grunngjevinga til Maritimt Forum står det:
« Vi gratulerer Herøy kommune som årets maritime kommune i Møre og Romsdal og region Nordvest. Med engasjerte lokalpolitikere og innbyggere som har hjerte for næringsliv og rekruttering, viser dere sterk og stolt tilhørighet til en maritim kommune med lange maritime tradisjoner»
På møte tysdag var ordførar Ann- Kathrin (Tine) Storøy, kommunedirektør Trond Arne Rossi-Aglen, Stig Remøy frå næringa og Britt Giske Andersen frå Maritimt forum.
Herøy i dag
Kommunen har tidlegare vorte kåra til «Årets næringsby» tidlegare (2008 og 2010). Så kanskje vi no skal ta eit tak for å verte «Årets maritime kommune»?
Stig Remøy, representant frå næringslivet, fortel om bredda i kommunen. I kommunen er det sjarkar, havfiskeflåte, fiskemottak, fiskeproduksjon, design, turisme, lakseslakteri, offshore, offshore havvind, leverandørindustri og mykje meir. Bredda av næringsliv gjer Herøy kommune unik.
- Nordvestlandet er viktig med tanke på eksport, også sunnmøre. Vi finn den «Maritime klynga» her, noko som også Herøy er ein del av, seier Stig Remøy.
Britt Giske Andersen i Maritimt forum seier det er viktig å engasjere folket og næringslivet i fylket. Vi treng kvarandre og kommunen si rolle som tilretteleggjar er viktig.
-Det er stas å vinne i Møre og Romsdal. På Fosnavågkonferansen fekk næringslivet ære og det fortener dei; Æres den som æres bør. Vi har eit framoverlent næringsliv som er viktig for kommunen. Fleire gongar har det også vore spleiselag mellom kommune og næringsliv for å få gjennomført prosjekt, seier ein nøgd ordførar Ann-Kathrin Storøy (Tine).
Kommunedirektøren, Trond Arne Rossi Aglen, seier at kommunen skal vere ein døropnar for næringslivet. I nasjonal måling i fjor vart kommunen nummer ni når det gjeld tilrettelegging for næringslivet.