Vi har inngått avtale med Fosnot ASFosnot kjøper næringsareal i Fosnavåg næringspark. Selskapet skal også vere med på å finansiere kaia vi skal bygge i enden av arealet. Frå venstre: styreleiar Tor Frantsen i Fosnot, ordførar Bjørn Prytz, dagleg leiar Vegard Hovland i Fosnot. Tor Halvar Flacké Botnen Publisert av Svein Arne Orvik Publisert 22.09.2023 20:30 Sist endra 26.09.2023 15:01 Partane skreiv under avtalen torsdag 21. september. Vi skal bygge ei kai på minst 50 x 18 meter. Konsept- og plansaka for dette byggearbeidet blei handsama i kommunestyret torsdag. Her kan du lese saksdokumenta. Tidlegare har kommunestyret løyvd 22 millionar til kaiprosjektet. Den blå sirkelen viser kvar kaia kjem. kartutsnitt