Vil knyte bedriftene og skulane tettare i lag

Kommunen og Herøy Næringsforum går saman om eit prosjekt for å styrke samarbeidet mellom skulane og næringslivet. Og til hausten blir det innovasjonscamp.

Gruppebilde med representantar frå skule og næringsliv - Klikk for stort bileteFrå venstre: rektor Tore Tangen ved Stokksund skule, styreleiar i Herøy Næringsforum og teknisk sjef i Havila Shipping Svein Rune Smådal, kommunalsjef Sølvi Lillebø Remøy i Herøy kommune, rådgivar Johanne Nørvåg ved Stokksund skule, rådgivar Elisa Giskeødegård Hareide ved Ytre Herøy ungdomsskule, dagleg leiar Sissel Ødegård i Herøy Næringsforum og rektor Helge Hamre ved Ytre Herøy ungdomsskule. Thomas Sporsheim

Ungdomsskulane våre ønsker å samarbeide tettare med bedriftene i lokalsamfunnet. Kommunen og næringsforumet sender no brev til bedriftene i Herøy og oppfordrar dei til å registrere seg som såkalla ja-bedrifter. Å vere ei ja-bedrift betyr å vere positiv til å samarbeide med skulane. 

– Vi ønsker både store og små ja-bedrifter med i prosjektet, seier Sølvi Lillebø Remøy, kommunalsjef for kultur og oppvekst. 

– Det er viktig at næringslivet får vist seg fram for ungdomen. Det er grunntanken bak dette, seier dagleg leiar Sissel Ødegård i Herøy Næringsforum. 

Bidra i undervisninga

Dei to aktørane skriv i brevet at dei vil sette stor pris på alt samarbeid mellom bedriftene og ungdomsskulane, både omfattande og mindre omfattande. 

Planen er at ja-bedriftene mellom anna kan 

  • bidra med faglege tema i undervisninga på skulen
  • ta imot bedriftsbesøk
  • ha elevar på utplassering
  • informere elevane om bedrifta 

 – Vi ønskjer at elevane skal bli betre kjende med moglegheitene for yrke og arbeid lokalt, og håpar med dette også å styrke rekrutteringa til bedriftene. Vi har som mål at skulen skal verte meir praksisorientert, og stimulere elevane til utforsking og entreprenørskap, heiter det i brevet til bedriftene. 

Innovasjonscamp 2023

I haust ønsker niande trinnet ved Ytre Herøy ungdomsskule og Stokksund skule å arrangere ein innovasjonscamp. Det skal skje saman med den ideelle organisasjonen Ungt Entreprenørskap. 

Kommunen og næringsforumet inviterer bedriftene i Herøy til å ta del i innovasjonscampen. 

– Vi er svært takksame dersom de vil vere med på dette prosjektet for å vise ungdommane våre fleire av dei spennande yrkesmoglegheitene heimkommunen deira har å by på, skriv kommunen og næringsforumet til bedriftene.

Innovasjonscampen blir ein del av faget Utdanningsval. Målet med faget er å gjere elevane i stand til å ta gode utdannings- og yrkesval.

På campen vil elevane få eit reelt oppdrag som dei skal arbeide med i ei veke. Oppdraget skal elevane få frå ei bedrift eller ein organisasjon frå privat eller offentleg sektor.