Befolkningsvarsling (SMS) - Herøy kommune

Befolkningsvarsling (SMS)

Befolkningsvarsling (SMS)

SMS-varsling frå kommunen 

Vi bruker varslingssystemet ServiceAlert. Med dette systemet kan vi raskt varsle dei det gjelder ved behov, ut frå gateadresser. Vi kan varsle via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon. 

Kvifor er dette nyttig for deg? 

Vi varslar deg ved hendingar du trenger å vite om og som krev at du får rask informasjon.

Korleis finn vi deg? 

ServiceAlert bruker tre registrer for å nå ut med informasjon til deg. 

Privatpersonar 

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet (tidligere Difi). Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og din e-postadresse i kontaktregisteret. Det offentlige henter kontaktinformasjonen her, for eksempel til skattemeldingen. 

Oppdater kontaktinformasjonen din her (Norge.no)

Tilleggsregister 

Tilleggsregister kan du bruke dersom du ønsker å få varsel for ein bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadadresse på. Tilleggsregisteret nyttast berre av din kommune. Det er derfor viktig at du oppdaterer informasjonen i tilleggsregisteret dersom du flytter til ein annan kommune.  

Gå til tilleggsregisteret her (Varslemeg.no) 

Sårbare verksemder 

Sårbare verksemder er for eksempel bedrifter som er avhengig av vatn for å drive. Dette kan vere sjukehus, medisinske sentre, alders- og sjukeheim, lege og tannlegar, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusent og bønder/husdyrhold. 

Tilleggsregisteret gjær at kontaktpersonar for verksemda kan knytes til verksemda, med sitt telefonnummer. Kontaktpersonen vil ta få varsel frå kommunen samtidig med verksemda.  

Registrer deg i tilleggsregisteret her (Varslemeg.no) 

Får du ikkje varslar? 

  1. Er du folkeregistrert på din adresse? Sjekk din adresse i Folkeregisteret her. 

2. Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon? 
Oppdater din kontaktinformasjon her. 

3. Husk å melde flytting om du har ny adresse.

Hemmeleg telefonnummer 

Har du  hemmelig nummer og ønsker varsling, må du registrere deg i tilleggsregisteret. Kryss av for hemmeleg nummer når du registrerer deg