Visjon «Herøy - ei båtlengd føre»Visjonen er illustrert slik. Båten er motivet i kommunevåpenet og er også utgangspunktet for kommunen sin visjonen. Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon. Havet og båten er, og har vore, grunnstamma i næringslivet i kommunen. Det er sagt at konkurranse mellom reiarane i kommunen er det som har drive utviklinga framover. Det å vere ”ei båtlengd føre” dei andre, har gjort at næringslivet på enkelte område er leiande internasjonalt. Visjonen er at ikkje berre næringslivet i kommunen skal vere ei båtlengd føre dei andre, men at dette er ein visjon som skal gjennomsyre herøyværingen på alle samfunnsområde. Visjonen vart vedteken i kommunestyre i 2006. Punktet som vart vedteke hadde slik ordlyd: Kommunestyret vedtek at "Herøy - ei båtlengd føre" skal vere visjonen for Herøy kommune. Visjonen skal gjerast kjend for innbyggjarane og marknadsførast som slagord for kommunen. Visjonen skal vere den overordna visjonen for alt plan- og utviklingsarbeid i kommunen. Publisert av Wenche Moltu Sist endra 06.05.2022 15:53