Flyktninghjelpen
– TV-aksjonen handlar om noko av det mest grunnleggjande vi menneske treng: ein trygg stad å høyre til. Eg håpar mange vil vere med på arrangementa denne helga. Saman kan vi skape både fellesskap lokalt og håp for menneske som har mista heimane sine, seier ordførar Tine Storøy.
Nær 120 millionar menneske er på flukt frå krig og konflikt. Årets TV-aksjon skal bidra til at fleire får ein trygg stad å bu og ein betre kvardag. I Herøy blir dette markert med ei heil helg fylt med aktivitetar og engasjement.
Startar helga med Sentrumsløpet
I-stock
Fredag 16. oktober klokka 15.00 går startskotet for Sentrumsløpet i Fosnavåg sentrum.
Alle kan delta, anten ein vil springe, gå eller ta seg fram i rullestol. Løypa startar ved SpareBank 1 og går gjennom sentrum før ho kjem tilbake til startområdet.
Deltakarane kan også skaffe sponsorar som gir eit valfritt beløp til TV-aksjonen for kvar runde dei gjennomfører.
Dette er eit lågterskeltilbod der det viktigaste er å vere med og støtte ei god sak.
Det blir utdeling av vandrepokalar i to klassar.
Familiedag med aktivitetar for store og små
Laurdag 17. oktober blir sentrum fylt med aktivitetar for heile familien.
Klokka 11.00 startar familieløpet i Parken. Barna kan springe så mange rundar dei ønskjer, medan familie og vener heiar frå sidelinja.
Det blir to aldersgrupper:
Alle deltakarane får medalje og heider for innsatsen.
Pop-up-kafé og underhaldning
I-stock
Samtidig inviterer Kvalifiseringssenteret for innvandrarar og flyktningar til pop-up-kafé i dei tidlegare Carat-lokala på Fosnavåg Brygge.
Her blir det sal av mat og drikke, og all inntekt går direkte til TV-aksjonen.
Klovnen Fix kjem innom med lirekasse og ballongar, og barna kan få både ansiktsmåling og fletter i håret.
Lesestund på biblioteket
Herøy folkebibliotek arrangerer lesestund for born mellom 6 og 9 år.
Det er avgrensa tal plassar, så påmelding skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet. Dei som ønskjer plass, kan sende e-post til biblioteket@heroy.kommune.no med informasjon om kor mange som kjem.
Butikkane i sentrum held ope til klokka 15.00.
Avsluttar med gratis støttekonsert
Søndag 18. oktober blir aksjonshelga avslutta med gratis støttekonsert i Fosnavåg konserthus.
Før konserten serverer Thon Hotel Fosnavåg kaffi, vaflar og kaker i hotellobbyen frå klokka 12.30. Inntektene går til TV-aksjonen.
Konserten startar klokka 14.00, og publikum kan sjå fram til eit variert program med mellom andre:
- Runde Blandakor
- Suel, Ester og Fred
- Herøybelgen Trekkspelklubb
- Vlad
- Kulturskulen
- Filippinsk dans
- Thailandsk dans
- fleire andre artistar og innslag
Programleiarar er Josette og Vlad.
Alle innsamla midlar går til TV-aksjonen. Konserten er støtta av Olympic Kulturfond.
Slik kan du bidra
Dersom du ikkje har høve til å delta på arrangementa, kan du likevel støtte TV-aksjonen.
I Herøy skjer innsamlinga digitalt gjennom Vipps til 2133 eller til bankkonto 8380.08.09005.
Kvar krone er med på å gi menneske på flukt ein tryggare kvardag og håp for framtida.
Flyktninghjelpen