Gratis kino for ungdom kvar fredag i sommar

Gratis kino for ungdom kvar fredag i sommar

Ungdom i Herøy får eit nytt og kjekt fritidstilbod i sommar. Kvar fredag i skuleferien blir det gratis kino i Fosnavåg. Målet er å skape ein trygg møteplass der ungdom kan vere saman, oppleve gode filmar og bli kjende med nye folk.

Popcorn og kino - Klikk for stort bilete iStock

Tilbodet gjeld for ungdom mellom 12 og 17 år, og er eit samarbeid mellom Fosnavåg kino og Natteravnane i Herøy. Prosjektet har fått støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.

Vil skape ein trygg møteplass

Arrangørane ønskjer å gi ungdom ein stad å vere på kveldstid i ferien. Natteravnane vil vere til stades under filmvisingane, slik at alle kan kjenne seg trygge og velkomne.

– Dette skal vere ein stad der ungdom kan møtast, ha det kjekt og kjenne seg trygge, seier arrangørane.

Fv:Vidar Hungnes, Maria Bakkevoll, Svein-Are Tarberg, Åse Bårdsnes Dypvik, Janne Bendal og Marte Skrede Hide.  - Klikk for stort bileteFv:Vidar Hungnes, Maria Bakkevoll, Svein-Are Tarberg, Åse Bårdsnes Dypvik, Janne Bendal og Marte Skrede Hide.

Første visning 26. juni

Første framsyning er fredag 26. juni klokka 21.00. Seinare i sommar vil kinoen bli sett opp tidlegare på kvelden.

Tilbodet gjeld kvar fredag i skuleferien frå 26.juni.

Gratis framsyning for ungdom

Fredag 26. juni kl. 21.00
🎬 Kraken (12 år)

📅 Fredag 3. juli kl. 19.15
🎬 Lilo & Stitch

📅 Fredag 10.juli 
🎬 Roald Dahls Heksene kl. 19.00

📅 Fredag 24.juli kl. 19.00
🎬 Sonic The Hedgehog 3
 

Billett til gratis kino for ungdom 12-17 år

Praktisk informasjon

Vil ha med fleire trygge vaksne

Foreldre og andre vaksne som ønskjer å bidra som trygge tilstadeverande, er velkomne til å ta kontakt.

Kontaktperson:
Åse Bårdsnes Dypvik
Telefon: 976 94 187

Takk til støttespelar

Tiltaket er mogleg takka vere støtte frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.