Herøy er årets maritime kommune i fylket – vidare til nasjonal tevling!

Herøy er årets maritime kommune i fylket – vidare til nasjonal tevling!

– Dette er ei fantastisk anerkjenning av Herøy si viktige rolle i den maritime sektoren, seier ordførar Tine Storøy.

ordføraren med flagg på hamna - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Maritimt Forum skal kåre årets maritime kommune i Noreg. Etter sterk mobilisering blant dei nominerte kommunane, går Herøy av med sigeren i Møre og Romsdal.

– Dette er ei fantastisk anerkjenning av Herøy si viktige rolle i den maritime sektoren. Å bli årets maritime kommune løftar fram den store innsatsen Herøy-bedriftene gjer for å vere i front kvar dag. Den maritime næringa vår er stor, nyskapande og allsidig. Eg takkar alle som har stemt på Herøy som årets maritime kommune i fylket. Og eg oppmodar alle om å støtte Herøy som kandidat i den nasjonale kåringa, seier ordførar Tine Storøy.

– Svært viktig å mobilisere vidare

Maritimt Forum er ein interesseorganisasjon som samlar heile den norske maritime næringa. Forumet har 700 medlemmer nasjonalt, 130 av dei representerer Maritimt Forum Nordvest. Forumet samler både arbeidstakar- og arbeidsgivarsida i næringa.

– No blir Herøy kommune vår kandidat inn i den nasjonale konkurransen om å bli Noregs maritime kommune i 2025. Vinnaren der blir avslørt på den maritime mottakinga som Maritimt Forum har ombord på Statsråd Lehmkuhl under Arendalsveka tysdag 12. august. Fram til då vil det vere mogleg og svært viktig at det no blir mobilisert. For denne gongen er ikkje andreplassen god nok, vi må gå for gull, seier Britt Giske Andersen, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest.

– Gode samfunnsbyggarar med lokal patriotisme

Herøy kommune har ei lang historie og stolte tradisjonar når det gjeld maritim næring knytt til havet. Denne arven er ein viktig del av identiteten til kommunen. Ifølge verdiskapingsrapporten Menon har laga for Maritimt Forum bidrar næringa i Herøy kommune til heile 3,7 milliardar kroner i verdiskaping og står for ei omsetting på heile 7,4 milliardar kroner.

Heile 1440 personer er sysselsette innanfor det maritime i Herøy. Og næringa bidrar med hele 15 prosent målt i verdiskaping til næringslivet i Møre og Romsdal.

– Den maritime næringa spelar ei stor og sentral rolle i Herøy kommune. Næringa bidreg betydeleg med gode skatteinntekter og er gode samfunnsbyggarar med lokal patriotisme. Og ikkje minst skapar den maritime næringa gode og trygge arbeidsplassar, seier ordførar Tine Storøy.

Nasjonal fagjury

Ein nasjonal fagjury avgjer konkurransen om å bli årets maritime kommune i Noreg. For juryen vil det handle om fleire kriterium, skriv Maritimt Forum:

«Ikkje minst om det blir ført ein næringspolitikk i kommunen som gir grunnlag for vidare maritim vekst. Så no blir jobben å løfte fram dei gode historiene. Og det veit vi det er mange av i Herøy. Ein kommune med lange maritime røter, strategisk plassert langs skipsleia og med utsikt rett mot storhavet og den store verda, så ser vi fram til å få bli betre kjende med både kommune og næring framover», skriv forumet.