Informasjon om fugleinfluensa i Herøy kommune
Det er funne fugleinfluensa i prøver frå to gråmåsar på Runde. Det er likevel liten grunn til å tru at dette vil utvikle seg til eit større utbrot.
Pexels.com
Folkehelseinstituttet vurderer risikoen for smitte frå fugl til menneske som svært låg. Dette gjeld også i område der det er funne døde fuglar med påvist fugleinfluensa.
Kva bør du gjere viss du finn døde eller sjuke fuglar?
Dersom fuglen må fjernast:
- Bruk eingongshanskar og munnbind.
- Legg fuglen i ein dobbel avfallspose og knyt godt att.
- Kast han i restavfallet.
- Alt utstyr som har vore i kontakt med fuglen, skal kastast i restavfallet.
- Vask hendene grundig med såpe og vatn.
- Hugs å melde frå til Mattilsynet.
Dersom det skulle bli eit større utbrot av fugleinfluensa i kommunen, vil vi planleggje innsamling og handtering av døde fuglar.
Publisert 11.06.2026 11:52
Sist endra 11.06.2026 12:28