Inviterer til felles kommunestyremøte

Inviterer publikum til felles kommunestyremøte

Torsdag inviterer Herøy, Sande og Ulstein til felles kommunestyremøte, der Telemarkforsking vil presentere kunnskapsgrunnlaget om framtidig kommunestruktur som dei har utarbeidd på oppdrag frå dei tre kommunane.

F.v Stian S. Scheide, Ann-Kathrin (Tine) Storøy, Dag Vaagen. - Klikk for stort bileteF.v Stian S. Scheide, Ann-Kathrin (Tine) Storøy, Dag Vaagen. Silje S. Mork /3K kommunikasjon

Herøy, Sande og Ulstein har gitt Telemarkforsking i oppdrag å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag som dei tre kommunane kan nytte i diskusjonane om framtidig kommunestruktur.

Torsdag 24. september er det felles kommunestyremøte i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes, der Telemarkforsking vil presentere dette kunnskapsgrunnlaget for første gong.

Bent Aslak Brandtzæg frå Telemarkforsking vil halde presentasjonen.

Kommunestyremøtet byrjar kl. 18.00, og er ope for publikum

Kommunestyra får anledning til å stille spørsmål til presentasjonen, før kommunestyremøtet vert avslutta.

Etter dette vil tilhøyrarane få høve til å stille spørsmål til Telemarksforsking om kunnskapsgrunnlaget.

Presentasjonen i kommunestyremøtet vert strøyma på nett.

Lenke til strøyminga