Opning av ny kai. Fv. Sven Martin Tønnesen, Ann-Kathrin (Tine) Storøy og Karl Oskar Sævik
Olav Helge Matvik /Kystverket
Viktig for lokalsamfunnet
Den nye kaia er bygd for å møte dagens behov i hamna. Ho gir betre kapasitet, tryggare liggeforhold for båtar og gode løysingar for både fiskeflåten og anna aktivitet.
Direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket, Sven Martin Tønnessen, heldt tale
Olav Helge Matvik/Kystverket
Direktør i Kystverket, Sven Martin Tønnessen, understreka at dette er ei viktig satsing:
– Den gamle kaia hadde ikkje kapasitet til dagens fiskeflåte. Vi håpar den nye kaia vil gi ein tryggare og enklare kvardag for brukarane, sa han.
Sven Martin Tønnesen
Olav Helge Matvik
Gode samarbeid
Kystverket har stått for planlegginga av prosjektet. Norconsult har utført detaljprosjektering, og Infrakon har vore entreprenør. Herøy kommune har samarbeidd tett med Kystverket gjennom heile prosessen.
Kystverket eig kaia, medan Herøy kommune har ansvar for drift og vedlikehald.
Olav Helge Matvik/Kystverket
Bygd innanfor rammene
Bygginga tok seks månader og heldt seg innanfor budsjettramma på 15,5 millionar kroner. Prosjektet vart gjennomført utan forseinkingar, overskridingar eller ulukker.
Under arbeidet vart det også teke omsyn til miljø. Det vart brukt elektriske maskiner for å redusere utsleppa.
Olav Helge Matvik/Kystverket
Ei investering for framtida
Ordførar i Herøy kommune, Ann-Kathrin (Tine) Storøy
Olav Helge Matvik/Kystverket
Ordførar Ann-Kathrin Storøy peika på kor viktig hamna er for kommunen:
– Vi har mange fiskarar som er avhengige av gode og trygge kaier. Denne utbygginga er viktig for både næringslivet og lokalsamfunnet, sa ho.
Ho la til at kaia er ei investering for framtidige generasjonar.
Viktig for fiskerinæringa
Representantar frå fiskerinæringa var også til stades. Dei peika på at gode hamner og kaier er avgjerande for tryggleik, arbeid og effektiv kvardag for fiskarane.
Karl Oskar Sævik
Olav Helge Matvik/Kystverket
Ei triveleg markering
Etter opninga vart det servert kaffi og kjeks, og mange nytta høvet til å prate saman og sjå den nye kaia. Tilbakemeldingane frå dei som møtte opp var positive.
Kaia er bygd for å vare i om lag 100 år, og skal vere til nytte for bygda i lang tid framover.
Olav Helge Matvik/kystverket