Song, dans og fellesskap for TV-aksjonen

Song, dans og fellesskap for TV-aksjonen

Eit variert program med song, musikk, dans og kulturinnslag samla søndag ettermiddag over 100 personar til gratis støttekonsert i Fosnavåg konserthus. Konserten vart ei verdig avslutning på aksjonshelga for TV-aksjonen 2026 i Herøy.

Suel og Ester - Klikk for stort bileteSuel og Ester Silje S. Mork / Herøy kommune

Før konserten inviterte Thon Hotel Fosnavåg til kaffi, vafler og kaker i hotellobbyen, der inntektene gjekk til TV-aksjonen. Klokka 14 opna dørene til konserthuset, og publikum fekk oppleve ei rekkje lokale artistar og grupper som stilte opp gratis for den gode saka.

Ordførar Tine Storøy ønskte velkomen på vegne av kommunen før programleiarane Josette og Vlad tok publikum gjennom eit innhaldsrikt program.

På scena stod mellom andre Suel, Ester og Fred, Maria Lystad og Aimee Wraigth Hagen med akkompagnement frå Nasko, Herøybelgen Trekkspelklubb, Runde Blandakor og fleire unge talent frå kulturskulen i Herøy. Publikum fekk også oppleve både filippinsk og thailandsk dans, noko som gav konserten eit mangfaldig og inkluderande preg.

Konserten baud på både etablerte utøvarar og unge artistar. Innslaga spente frå trekkspel og korsong til piano, dans og soloframføringar. Mellom innslaga fekk publikum sjå filmar knytte til TV-aksjonen og årets innsamlingsarbeid.

Takkar alle som bidrog

Ordførar Tine Storøy var imponert over innsatsen frå alle som stilte opp.

– Det var fantastisk. Dei som har vore med og bidrege her, har vore verkeleg imponerande. Det er synd at det ikkje var fleire som fekk oppleve konserten, for dette trur eg alle hadde kosa seg skikkeleg med, seier Storøy.

Ho understrekar også at arrangementet viste det sterke engasjementet som finst i kommunen.

Sterkt lokalt engasjement

Støttekonserten markerte avslutninga på ei innhaldsrik aksjonshelg i Herøy. Gjennom ulike arrangement og frivillig innsats har innbyggarar, lag og organisasjonar gått saman for å støtte TV-aksjonen 2026.

Alle innsamla midlar går til TV-aksjonen. Konserten var støtta av Olympic Kulturfond.

Slik kan du framleis bidra

Herøy skjer innsamlinga digitalt gjennom Vipps til 2133 eller til bankkonto 8380.08.09005.

Kvar krone er med på å gi menneske på flukt ein tryggare kvardag og håp for framtida.