Delta i høyringa om skulestruktur

Barn med behov for ekstra hjelp og støtte

Barn med behov for ekstra hjelp og støtte

Ifylgje lov om barnehagar skal barnehagen ta omsyn til barnet sitt funksjonsnivå. Barnehagen har ei plikt til å støtte, ta omsyn til det einskilde barnet og legge til rette for at alle skal kunne nytte seg av tilbodet som vert gitt i barnehagen.

Kven kan få tenesta?

Dersom barnet ditt har behov for meir hjelp og støtte enn barnehagen kan gi i kvardagen, kan de som føresette åleine, eller i samarbeid med barnehagen, ta kontakt med Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) i kommunen. Barnehagen vil hjelpe deg med dette.

Kva omfattar tenesta?

Om PPT vurderer at barnet har rett til spesialpedagogisk hjelp, vil dei skrive ei sakkunnig vurdering. Avdelingsleiar i sektor for kultur og oppvekst vil då gjere eit vedtak om omfang og innhald i den spesialpedagogiske hjelpa.

Barnehagen kan også søkje om ekstra bemanning som assistent i barnehagen dersom barnet har behov for meir støtte enn spesialpedagog gir. Dette er heimla i lov om barnehagar § 37, barn med nedsett funksjonsevne.

Kva kostar tenesta?

Tilrettelegging i barnehagen og spesialpedagogisk hjelp kostar ingenting for føresette.

Når kan du vente svar?

Sakene vert handsama fortløpande.

Kontakt

Elisabeth Warpe
avd.leiar barnehage
E-post
Mobil 97 94 22 99