Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Prisar og betaling barnehage

Prisar og betaling barnehage

Prisane gjeld  for alle kommunale barnehagar i kommunen.

Barnehagesatsar 2024

Barnehagesatsar 2024
Tal på dagar Pris Matpenar Totalt
5 kr. 3 000,- kr. 435,- kr. 3 435,-
4 kr. 2 400,- kr. 348,- kr. 2 748,-
3 kr. 1 800,- kr. 261,- kr. 2 061,-
2 kr. 1 200,- kr. 174,- kr. 1 374,-

Det er 30 % søskenmoderasjon på barn nr. 2, og 100 % søskenmoderasjon på barn nr. 3.

Søskenmoderasjon gjeld sjølv om du har 1. barn i kommunal barnehage og 1. barn i privat barnehage.

Du skal ikkje søkje søskenmoderasjon, dette skjer automatisk.

Redusert pris for barnehageplass (for hushald med låg inntekt)

Ingen skal betale meir enn seks prosent av samla brutto inntekt til barnehagen. Skattefrie inntekter vert ikkje inkludert.

Har foreldre delt omsorg og barnet bur fast hjå begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Gratis kjernetid

Alle 2,3, 4, og 5-åringer, og barn som har utsatt skulestart kan få gratis kjernetid med 20 timar pr. veke. Det er inntekta i hushaldet som bestemmer om ein har rett på ordninga. Meir informasjon og inntektsgrense finn du på nettsidene til utdanningsdirektoratet.

Søknadsfrist

Du kan søke gjennom hele året. Vedtaket gjeld frå og med fyrste månad etter søknadstidspunktet. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.

Slik søker du

Bruk tenesta Vigilo for å søke om å få redusert betaling.