I Herøy kommune skal det vere trygt og godt å vekse opp. Likevel kan det oppstå utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Derfor arbeider vi med BTS - Betre Tverrfagleg Samhandling. Dette for å sikre at alle born og unge skal få den hjelpa dei treng.
Som tilsett i Herøy kommune har du eit særskilt ansvar for å vere merksam på barn og unge som har eller kan ha problem i kvardagen. Du har ansvar for å bidra til at det vert sett i verk tiltak som kan hjelpe den einskilde til å meistre situasjonen på ein god måte.
Kommunane er pålagde å samordne tenestetilbodet på tvers av sektorar og tenesteområde. BTS – Betre Tverrfagleg Samhandling – er eit verktøy som skal hjelpe oss å strukturere og konkretisere korleis arbeidet med å samordne tenestetilbodet er lagt opp i kommunen. Denne sida skal bidra til å gjere det lettare for brukarar og tilsette å orientere seg i tenestetilbodet.
Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp? Nedanfor finn du lenker som kan vere til hjelp.
Denne sida er nyoppretta og i stadig utvikling. Har du tilbakemeldingar, set vi pris på at du gir oss det. Ta kontakt med Monica Torvik Stokset.
Kven er du?