Barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte frå fleire aktørar kan oppleve å måtte fortelje si historie igjen og igjen, og at prosessar startar på nytt kvar gong dei møter ei ny teneste eller ein ny person i ei teneste. Gode system for dokumentasjon av arbeidet som blir gjort er viktig for å betre situasjonen. Dokumentasjon er også nødvendig for å kunne gi tilsynsmynde og andre relevante instansar innsyn i hjelpa som er gitt.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Dokumentasjon på individnivå
Mandatet til tverrfagleg team beskriv korleis ein skal dokumentere arbeidet med tiltak og evaluering:
- Det skal skrivast referat på utarbeidd mal.
- Styrar/rektor syter for at det vert skrive referat, og at dette går på omgang.
- Ansvar for oppfølging vidare skal gå fram av referatet.
- Referat med arkivverdig innhald, skal arkiverast i Websak+. Individsaker skal arkiverast i barne/elevmapper.
- Referat utan arkivverdig innhald skal lagrast i SharePoint. Kvar barnehage og skule skal ha sin “kanal”, med tilgang for deltakarane i dei tverrfaglege teama.
- Om deltakarane i teamet meiner at andre skal ha referatet, skal det avklarast i møtet.
- I møtet skal det avklarast kven som har ansvar for å arkivere referatet og korleis.
- Referatet skal gjennomgåast ved starten på neste møte.
Dersom barnet eller ungdomen er i ein situasjon der det er behov for langvarige og koordinerte tenester, kan barnet ha rett til å få utarbeida individuell plan (IP). I Herøy nyttar vi det digitale verktøyet Visma flyt Samspill til samhandling rundt individuell plan.
Publisert av Wenche Moltu
Sist endra 30.04.2024 08:21