Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Evaluering

Evaluering

Evaluering er eit viktig element i korleis ein samhandlar og korleis ein opplever samhandling mellom fagpersonar og tenester. Kommunen skal med jamne mellomrom vurderer sitt arbeid, og Herøy kommune har valt å nytte Compilo som kvalitetssystem. Der skal ein kunne finne alle gjeldande rutiner og rapportere på avvik.

Evaluering på individnivå

På individnivå vil kommunikasjon mellom partane og tilbakemelding frå brukar gje grunnlag for å vurdere arbeidet som er utført med kvar enkelt brukar.

På individnivå har Herøy kommune desse fora for evaluering av samhandling og arbeidet i tenestene:

  • Foreldresamtale i barnehage
  • Utviklingssamtale lærar - elev - føresett
  • Ansvarsgruppe utan individuell plan
  • Ansvarsgruppe med individuell plan
  • Tverrfagleg team evaluerer resultat av tiltak

 

Evaluering er integrert i BTS-handlingsrettleiaren

BTS-handlingsrettleiaren ei felles rutine for korleis tilsette i Herøy skal gå fram når dei kjenner på ei bekymring for eit barn eller ein ungdom. Ei avgjerande oppgåve på kvart nivå i handlingsrettleiaren er å evaluere tiltak og hjelp som blir gitt. Evalueringsmøte gjennomførast etter at tiltak er prøvd ut. I evalueringsmøte skal alle involverte partar drøfte i kva grad tiltak har ført til at barnet sin situasjon har endra seg.  På denne måten vil ein jamleg få evaluert dei tiltaka som blir sett i verk kring eit barn eller ungdom.

På bakgrunn av evalueringa blir det tatt ei avgjerd om vidare oppfølging:

  • Skal tiltaket bli avslutta?
  • Tiltaket har effekt, men er framleis ikkje i mål og arbeidet held fram?
  • Er det andre tiltak som bør iverksettast?
  • Tiltaket har ikkje gitt ønska effekt? Er det behov for hjelp frå andre tenester?