Herøy kommune nyttar Visma Veilederen for kompetanseheving om lover og avtaleverk innan sektorane helse og omsorg, barnevern, skule og barnehage.
Tverrfagleg plan legg føringar for felles kompetanseheving innan relevante fagområde. I tillegg har dei fleste einingane eigne kompetanseplanar med mål og tiltak.
Kunnskapsgrunnlaget til kommunen er mellom anna bygd på:
- BTS-kartlegginga som blei gjennomført våren 2022.
- Kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis (KOSIP). Kartlegging som viser tilsette sin kompetanse og opplevde kompetansebehov innanfor spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Gjennomført i samarbeid med Høgskulen i Volda.
Desse kartleggingane gir kommunen eit bilete av kva område som er viktige å vektlegge framover.
Andre viktige kjelder til informasjon er:
Ungdata-undersøking.
KOSTRA-nøkkeltal
Oppvekstprofil og folkehelseprofil for Herøy kommune
Publisert av Wenche Moltu
Sist endra 17.03.2025 14:37