Kommunedirektøren si leiargruppe
Består av kommunedirektør, kommunalsjef helse og omsorg, kommunalsjef kultur og oppvekst, og kommunalsjef samfunnsutvikling. I Herøy kommune er det leiargruppa til kommunedirektøren som har overordna ansvar for generelle problemstillingar i samband med planlegging av tenestetilbod på tvers av sektorar.
Strategisk styringsgruppe
Det tverrfaglege arbeidet i kommunen er organisert gjennom ei strategisk styringsgruppe og ei faggruppe.
Strategisk styringsgruppe mandat:
Gruppa skal danne basis for strategisk arbeid i form av å:
- Innhente tilstrekkeleg informasjon om oppvekstmiljø og utfordringar, for å kunne
legge klare mål og strategiar framover - Fastsette overordna mål for det førebyggande arbeidet for barn og unge
- Stake ut overordna strategiar for måloppnåing
- Legge forslag til mål og strategiar fram for faggruppa, for involvering og forankring - og for at desse igjen kan utarbeide handlingsplanar
Strategisk styringsgruppe har ansvar for at det tverrfaglege arbeidet vert styrt etter dei mål og strategiar som ligg føre.
Gruppe skal ha minst to møte per år, oftare ved behov og i særlege arbeidsprosessar. Vidare skal det minst vere eitt felles møte med faggruppa per år, for avklaringar og prioriteringar.
Medlemmar i strategisk styringsgruppe:
- Kommunalsjef kultur- og oppvekst
- Kommunalsjef helse og omsorg
- Avdelingsleiar barnehage
- Avdelingsleiar barn, familie og helse
- Avdelingsleiar grunnskule/PPT
Faggruppa
Mandat:
- Vere med på drøfting av overordna mål og strategiar
- Utarbeide handlingsplanar på bakgrunn av vedtekne mål og strategiar
- Sikre kvaliteten på dei tverrfaglege tenestene, ved jamn oppfølging og kompetanseutvikling.
Medlemmar:
- Representant for barnehagestyrarar
- Representant for grunnskulerektorar
- Seksjonsleiar barnevern
- Avdelingsleiar PPT
- Seksjonsleiar førebyggjande seksjon/helsestasjon
- Seksjonsleiar kultur
- Seksjonsleiar bustadsosial, flyktning og rus
Faggruppa inviterer inn annan fagkompetanse ved behov.
Politiråd
Samarbeid mellom kommune og politi er viktig for å samordne det kriminalitetsførebyggande arbeidet i Herøy. Herøy kommune, Sande kommune og Vanylven kommune har eit felles politirådssamarbeid. Det vert halde minimum fire politirådsmøter per år. I desse møta er politistasjonssjef, politikontakt, ordførar og kommunedirektør faste medlemmar.
Leiarsamlingar
Det vert arrangert leiarsamling for alle leiarar (med fullt økonomi og personalansvar) minimum to gongar per år. Det vert veksla mellom å ha interne samlingar og samlingar der dei hentar inn ekstern kompetanse.
Leiarsamlingane er ein arena der leiarane møter kvarandre på tvers av avdelingar og einingar. Arenaen vert brukt til kunnskapsdeling og til å bygge fellesskap om verdiar og felles forståing av kva som vert forventa av ein leiar i Herøy kommune.