Å sikre god medverknad frå innbyggjarane i kommunen har mange positive effektar både på samfunnsnivå og for menneska som får medverke. Når barn, ungdom og vaksne får medverke, kan det bidra til at beslutningane i kommunen blir betre og meir målretta personane det gjeld for.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Brukarmedverknad på tenestenivå inneber at brukarar er med å påverke, utforme og kvalitetssikre heile tenesta på eit overordna nivå.
På tenestenivå har Herøy kommune brukarmedverknad på følgjande måter:
- Elevråd, 5.-10.trinn på kvar skule i tråd med Opplæringslova.
- Ungdomsråd, politisk organ på kommunenivå
- Foreldrerådsutval på kvar skule i tråd med Opplæringslova
- Samarbeidsutval for kvar barnehage og skule i tråd med Opplæringslova. I tillegg til elevar, føresette og tilsette - også politisk oppnemnt representant.
- Elevundersøking årleg i regi av Utdanningsdirektoratet
- Foreldreunderøking i barnehagen
- Ungdata-undersøking kvart tredje år
- Brukarutval innan helse og omsorg
- Ved å nytte brukarrepresentantar i prosjekt og utvikling av tilbod
Publisert av Wenche Moltu
Sist endra 10.01.2024 11:00