Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad

Å sikre god medverknad frå innbyggjarane i kommunen har mange positive effektar både på samfunnsnivå og for menneska som får medverke. Når barn, ungdom og vaksne får medverke, kan det bidra til at beslutningane i kommunen blir betre og meir målretta personane det gjeld for.

Brukarmedverknad på tenestenivå inneber at brukarar er med å påverke, utforme og kvalitetssikre heile tenesta på eit overordna nivå. 

På tenestenivå har Herøy kommune brukarmedverknad på følgjande måter:

  • Elevråd, 5.-10.trinn på kvar skule i tråd med Opplæringslova.
  • Ungdomsråd, politisk organ på kommunenivå
  • Foreldrerådsutval på kvar skule i tråd med Opplæringslova
  • Samarbeidsutval for kvar barnehage og skule i tråd med Opplæringslova. I tillegg til elevar, føresette og tilsette - også politisk oppnemnt representant.
  • Elevundersøking årleg i regi av Utdanningsdirektoratet
  • Foreldreunderøking i barnehagen
  • Ungdata-undersøking kvart tredje år
  • Brukarutval innan helse og omsorg
  • Ved å nytte brukarrepresentantar i prosjekt og utvikling av tilbod