Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Dokumentasjon

Dokumentasjon

Barn, unge og familiar som treng hjelp og støtte frå fleire aktørar kan oppleve å måtte fortelje si historie igjen og igjen, og at prosessar startar på nytt kvar gong dei møter ei ny teneste eller ein ny person i ei teneste. Gode system for dokumentasjon av arbeidet som vert gjort er viktig for betre situasjonen. Samstundes skal systema ivareta blant anna personvern og teieplikt. Dokumentasjon har også til hensikt å gi tilsynsmynde og andre relevante instansar innsyn i hjelpa som er gitt.

Tilsette skal dokumentere i henhald til journalføringsplikt for dei ulike tenesteområda.

Mandatet til tverrfagleg team beskriv korleis ein skal domumentere det tverrsektorielle arbeidet:

  • Det skal skrivast referat på utarbeidd mal.
  • Ansvar for oppfølging vidare skal stå i referatet.
  • Referat med arkivverdig innhald skal arkiverast i WebSak+. Individsaker skal arkiverast i barne/elevmapper. Systemsaker skal arkiverast i mappe for barnehage-/skulesaker.
  • Referat utan arkivverdig innhald, skal lagrast i SharePoint. Kvar barnehage og skule skal ha sin “kanal” med tilgang for deltakarane i dei tverrfaglege teama.

 

Brukarar med langvarige og koordinerte behov kan ha rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP). Herøy kommune nyttar Sampro i arbeidet med individuell plan.