Evaluering

Evaluering

Evaluering er ei systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagt, pågåande eller avslutta aktivitet. Evalueringa er viktig for læring, forbetring og utvikling.  Avdelingane og tenestene i Herøy nyttar ulike kartleggingar for å få tilbakemelding på, forbetre og utvikle tenestene:

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Tverrfagleg faggruppe

Tverrfagleg faggruppe består av mellomleiarar frå ulike tenester. Dei har jamlege møter der dei snakkar om utfordringar i oppvekstmiljøet, kva tiltak vi har og korleis dei fungerer. 

Foreldreundersøking i barnehage

I foreldreundersøkinga i barnehagen får føresette seie meininga si om barnehagetilbodet, barna sin trivsel og samarbeidet mellom heim og barnehage. Både kommunale og private barnehagar har gjennomført undersøkinga samtidig i 2019 og 2022. 

Foreldreundersøking i grunnskulen

I foreldreundersøkinga i  får føresette seie meininga si om skuletilbodet, elevane sin trivsel og samarbeidet mellom heim og skule.

Elevundersøking i skulen

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Undersøkinga blir gjennomført i 7. og 10.trinn.

Spekter

Som eit supplement til elevundersøkinga nyttar skulane også “Spekter-analyse” for 3.-10.trinn for å avdekke mobbing og trakassering.

Ungdata

I Herøy blir Ungdata-undersøkinga gjennomført ved ungdomsskulane kvart tredje år. Ungdata-undersøkinga omfattar eit brett spekter av temaområde. Dei som svarar på undersøkinga får spørsmål om foreldre, venner, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel.

Brukarplan

Brukarplan er eit verktøy for å kartlegge tenestemottakarar med psykisk- helse og rusproblem i kommunen. Statistikken skal gi grunnlag for planlegging og prioritering i kommunane, og ein betre evaluering av tenestetilbodet.

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis (KOSIP)

Kompetanseløftet er eit tiltak for leiarar og tilsette i barnehagar, skular og PP-tenesta som skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Målet er at alle barn og unge opplever eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Herøy har gjennomført ei tverrfagleg kartlegging i samband med dette arbeidet, og arbeider med kompetansehevande tiltak som er basert på resultata av kartlegginga.

BTS-undersøking

BTS-undersøkinga kartlegg kva fagområde det er størst behov for å styrke kompetanse på, kor godt tilsette i tenestene kjenner til andre tenester i kommunen, og korleis den tverrfaglege samhandlinga fungerer.  Alle tilsette i Herøy kommune som arbeider med barn, unge og deira foreldre blei invitert til å svare på undersøkinga i  2022. Det er planlagd ny undersøking i 2025 for å evaluere effekten av